Masseslagsmål då City gjekk vidare

Les hele artikkelen

Manchester City er klar for semifinalen i meisterligaen etter 0-0 mot Atletico Madrid, og 1-0 samanlagt. Men det var dei eksplosive sluttminutta som blir hugsa.
Kampen onsdag var lenge fattig på sjansar og hendingar. Men då klokka runda 90 minutt, eksploderte det.
Phil Foden blei takla men ein stygg ettersleng, og begge laga barka saman i slåsting. Dommaren jobba lenge med å roe spelarar og trenarar, og Atleticos Felipe fekk sitt andre gule kort i bataljen.
12 minutt måtte leggast til. Etter 11 av dei var Corra svært nær å go Atletico scoringa som hadde gitt ekstraomgangar. Men Ederson redda, og City kunne kvittere ut semifinaleplassen.
– Det er sjukt. Eit enormt drama, utbraut TV 2s ekspert Erik Thorstvedt.