Det blei mållaust og uavgjort mellom Rosenborg og Molde på Lerkendal søndag kveld, og begge laga tapte dermed terreng til teten.
Martin Linnes hadde ballen i nettet for Molde i det kløokka runda 90 minutt, men det blei annullert for offside. TV-bileta viste at den var klar.
Molde ville ha straffe då Markus Henriksen takla Ola Brynhildsen, men dommaren ville ikkje det.
– Eg gjekk på ball. Det kunne blitt dømt straffe. Akkurat der har vi nok marginar, sa RBK-kaptein Henriksen til Discovery etter kampen.
Dermed enda det uavgjort. Molde har sju poeng, Rosenborg seks, trass i at dei enno ikkje har tapt.