Everton og Liverpool spela 0-0 i sesongens første Merseyside-derby. Men kampen på Goodison Park var langtfrå sjanselaus, med fire stolpetreff og ei annullering.
Før pause hadde Everton først eitt stolpeskot, så avslutta Liverpool omgangen med ein dobbelsjanse som gav to smell i metallet.
Etter pause skapte begge lag også gode sjansar. Evertons Conor Coady hadde også ballen i nettet, men VAR avslørte ein offside.
Langt på overtid smelte også Liverpools Mohamed Salah ballen i stanga. Men ballen ville aldri inn.
Liverpool hadde dei fleste sjansane, men Everton-keeper Jordan Pickford leverte ei rad gode redningar.
Med berre eitt poeng taper Liverpool ytterlegare terreng til tabelltoppen. Laget har vunne berre to av sine seks første kampar.
Everton spela sin fjerde strake uavgjortkamp, men ventar framleis på sin første siger.