Mållaust for United mot Newcastle

Les hele artikkelen

Det enda mållaust mellom Manchester United og Newcastle på Old Trafford, men langt frå sjanselaust.
I første omgang heada Newcastles Joelinton i tverrliggaren, og sette deretter returen i stolpen.
Like etter pause hadde Ronaldo ein ball i nettet etter eit frispark. Men dommaren meinte frisparket blei teke for raskt, og annullerte.
Like før slutt hadde både Fred og Marcus Rashford store sjansar til å sikre heimesiger. Men det enda med 0-0, og United held seg framfor Newcastle på tabellen.
Men Chelsea på fjerdeplass auka avstanden til United med 2-0 borte mot Aston Villa. Mason Mount scora begge for Chelsea.
Southampton og West Ham spela 1-1 nede på sørkysten. Romain Perraud gav heimelaget leiinga i første omgang, men Declan Rice utlikna for West Ham i andre, og sende Southampton under streken igjen.