Malaysia nektar israelske utøvarar å reise til landet for å delta i VM i squash frå 7. til 12. desember.
Det muslimskdominerte Malaysia har ingen diplomatiske samband med Israel.
– Det er ei skam at dei blandar idrett og politikk, seier Aviv Bushinsky i det israelske sqaushforbundet til nyheitsbyrået AFP.
Dei vil ta saka inn for den internasjonale idrettsdomstolen CAS dersom saka ikkje løyser seg raskt.
Det malaysiske forbundet har så langt ikkje kommentert den betente situasjonen. Det internasjonale forbundet seier dei er i løpande kontakt med Malaysia.
– Vi vil at alle medlemslanda skal kunne delta i VM, og håpar å kome fram til ei løysing, seier dei til nyheitsbyrået AFP.
Turneringa vart flytta frå New Zealand til Malaysia på grunn av koronasituasjonen. I 2019 vart landet fråteken verdsmeisterskapen i symjing for parautøvarar fordi styresmaktene trua med å nekte innreise for utøvarar frå Israel.