Må truleg gå etter Newcastle-bråk

Les hele artikkelen

Styreleiar Gary Hoffman må truleg gå av som følgje av det Saudi-Arabiske oppkjøpet av Newcastle United, melder Sky Sports.
Premier League godkjende tidlegare i haust at eit konsortium eigd av det statlege saudiarabiske investeringsfondet kjøpte den engelske PL-klubben.
Det skapte rabalder. PL fekk kraftig kritikk for å tillate det som blir kalla «sportsvasking», ettersom Saudi-Arabia har eit dårleg rykte omkring menneskerettane i landet.
Godkjenninga har ført til auka motstand og kritikk, ikkje minst frå fleire av dei andre klubbane i PL. Det skal vere dette presset som har ført til at Hoffman truleg kjem til å gå av i løpet av dei nærmaste dagane.
Gary Hoffman tok til som styreleiar så seint som i juni i fjor.