Lyn slo Åsane 2-1 i den første kampen om den siste plassen i toppserien neste sesong.
Lyn, som enda nest sist i årets serie, dominerte kampen spelemessig det meste av tida. Anna Nerland Aahjem sette inn 1-0 etter berre tre minutt, og Iselin Sandnes Olsen dobla etter 54 minutt.
Nina Vestbøstad sette inn reduseringsmålet i nest siste minutt og gav Åsane eit håp om opprykk.
Returkampen går i Bergen søndag.