Lunde får ikkje flytte til Moskva

Les hele artikkelen

Handballmålvakta Katrine Lunde (41) ønskjer ein overgang frå Vipers Kristiansand til CSKA Moskva, men ho får nei.
– Eg er veldig skuffa over klubben, seier Lunde til Fædrelandsvennen.
Bakgrunnen for ønsket om å flytte, er at Lundes mann har fått tilbod om ein jobb i ein fotballklubb i Moskva.
– Det er hans tur no. Eg er 41 år, og no er det på tide å prioritere det som er best for familien. Eg hadde skjønt Vipers si side av saka om eg var ung og framstormande, men det er eg ikkje lenger, seier ho.
Lunde har kontrakt med Vipers til sommaren 2023.