LSK-duo til Italia

Les hele artikkelen

Camilla Linberg og Malin Brenn blei samde med LSK Kvinner om å terminere kontrakten tidlegare i sommar. Duoen held fram i italienske Como.
Det bekreftar klubben på sine nettsider.
I ei pressemelding frå LSK kvinner i starten av juni blei det meldt at Linberg og Brenn var blitt samde med klubben om å terminere kontrakten. Dermed ville dei kunne finne seg ein ny klubb frå 1. august. No er det klart at dei held fram karrieren i Italia.
Como vant Serie B førre sesong og rykka dermed opp til Serie A før den komande sesongen. Laget møter seriemeister Juventus i serieopninga siste helg i august.
Frå før spelar fem norske kvinner i øvste divisjon i Italia.