Løypeflytting på Lillehammer

Les hele artikkelen

Snømangel og mangel på frost i bakken gjer at langrenna på Lillehammer må flyttast frå den vanlege arenaen til skiskyttararenaen under verdscupen om to veker.
– Det er den beste løysinga. Der er det mest asfalt-underlag, og lettare å få gode løyper. Der kan vi også nytte dei eksisterande smørebuene og andre fasilitetar, seier arrangementsansvarleg i Skiforbundet, Terje Lund, til NRK.
Lund seier at dei enno ikkje har klare alle detaljar, og er i løpande dialog med FIS.
– Men i prinsippet er det slik vi vil ha det når det er så mildt i bakken at vi ikkje kan legge snø i dei vanlege traseane, seier Lund.
Det skal avviklast sprint, skiathlon, stafett og kombinert for både menn og kvinner på Lillehammer første helga i desember.