Lindvik ikkje til renn i helga

Les hele artikkelen

Marius Lindvik har unngått positive prøvesvar trass nærkontakt med smitta Daniel-André Tande, men reiser ikkje til hoppkonkurransane i tyske Titisee-Neustadt.
Dermed har Lindvik gjort unna sine siste teljande hopp før avreise til Beijing-OL. Han vann rennet i Zakopane sist søndag.
– Vi er på vakt hele tida og prøver å minimere risikoen. Lindvik reiser derfor ikkje til Tyskland, seier landslagssjef Clas Brede Bråthen til Dagbladet.
Avgjerda var venta. Bråthen signaliserte allereie tysdag overfor NTB at Lindvik kunne komme til å bli heime. Det sa han etter at OL-uttatte Tande i likskap med Fredrik Villumstad hadde fått påvist korona. Begge var sist helg ein del av troppen i polske Zakopane.