Lillefosse med norsk stavrekord

Pål Haugen Lillefosse sette norsk innandørsrekord i stav då han svinga seg over 5,75 under eit stemne i Sverige laurdag. Det er identisk med EM-kravet.
Lillefosse forbetra sin personlege rekord med fire centimeter og den gamle rekorden til Sondre Guttormsen med ein centimeter. Han prøvde seg tre gonger på 5,81, men reiv alle gongene.
Då hadde han for lengst vunne konkurransen i Sollentuna. Dei andre hadde faktisk rive seg ut før Lillefosse gjorde sitt første hopp på 5,30. Han trengde to forsøk på den høgda, men tok 5,50 i første forsøk.
Lillefosse brukte også to forsøk på 5,60 og på rekordhøgda, ifølge bloggen Friidrett1.