Med to mål på tre minutt heilt mot slutten av kampen slo Union Berlin Leipzig 2-1 i Bundesliga. Kampen om dei to siste meisterligaplassane hardna dermed til i Tyskland.
Yussuf Poulsen gav Leipzig oppskriftsmessig leiinga mot Union. Men Sven Michel og Kevin Behrens snudde kampen i 86. og 89. minutt.
Bayer Leverkusen smatt dermed forbi Leipzig og inntok tredjeplassen. Leverkusen hadde ingen problem med botnlaget Greuther Fürth og vann 4-1. Resultatet sende Fürth definitivt ned i 2. Bundesliga.
Freiburg hadde også sjansen til å kome ajour med Leipzig. Dei snudde 0-2 til 3-2 mot Borussia Mönchegladbach, men fekk utlikning imot tre minutt på overtid, og er to poeng bak Leipzig.
Med tre kampar att har Leverkusen 55 poeng, Leipzig 54 og Freiburg 52. Union Berlin med 50 er heller ikkje uta av biletet.
Men topplaga Bayern München og Borussia Dortmund har ei solid leiing. Dei møtest på Olympiastadion i Berlin seinare i kveld, og der kan Bayern sikre ligameisterskapet.