Legende tangerte legendarisk rekord

Les hele artikkelen

Den russiske ishockeyspelaren Alex Ovetsjkin scora sitt 50. mål for sesongen i NHL, og tangerte med det legenda Wayne Gretzky talet på sesongar med over 50 mål.
Trioen som deler rekorden har ni sesongar med minst 50 mål. Også New York Islanders-legenda Mike Bossy har det same. Bossy gjekk bort sist veke, 65 år gammal. Han er den einaste av de tre som har gjort minst 50 mål i ni strake sesongar.
Ovetsjkin har på sin side brukt 17 sesongar.
Han tangerte Gretzky og Bossy med sine to mÃ¥l i Washington Capitals’ 3-4-tap for Vegas Golden Knights onsdag. Russaren er ogsÃ¥ den eldste til Ã¥ gjere 50 mÃ¥l i ein NHL-sesong med sine 36 Ã¥r og 215 dagar.
Med de to måla har Ovetsjkin spelt 158 kampar der han har scora to eller fleire mål. Det gir delt andreplass med Brett Hull. Berre Gretzky har fleire med sine 189 kampar.
I mars blei Ovetsjkin tidenes mestscorande europear i NHL.