Langt unna finale

Les hele artikkelen

Ask Tjøm og Lars Benske klarte ikkje å ta seg vidare til A-finalen i lettvekt dobbelsculler og må ta til takke med plass i B-finalen i ro-VM i Tsjekkia.
Den norske duoen enda heilt sist på 6.-plass, nesten 13 sekund bak heimehåpa Jiri Simanek og Miroslav Vrastil, som vann det første semifinaleheatet.
Det er berre dei tre beste som tek seg vidare til A-finalen. Dermed må nordmennene ut i B-finale laurdag 24. september.
Seinare torsdag skal også den norske dobbelfiraren ut i aksjon. Der er Erling Øyasæter tilbake igjen etter å ha vore ute med sjukdom. Mathias Wie har vikariert som reserve for Øyasæter i forsøket og oppsamlingsheatet.
Dobbelfiraren ror semifinale 12.45.