Frank Lampard (43) signerte søndag ein kontrakt som manager for Everton, melder fleire britiske media.
Lampard har tidlegare vore manager for Derby og Chelsea, der han fekk sparken for eit år sidan. BBC melder at han skal ha skrive kontrakt for to og eit halvt år.
Everton sparka Rafael Benitez tidlegare i januar, etter at Everton berre hadde vunne ein av 13 kampar og var i ferd med å nærme seg nedrykksstriden.