Rodrigo Bentancur sende Tottenham-publikum til himmels med sine to mål etter 81 og 83 minutt mot Leeds. Dermed snudde han 2-3 til 4-3.
Leeds leia kampen tre gonger. Crysencio Summerville banka inn leiarmålet etter 10 minutt. Den leiinga heldt dei i eit kvarter før Harry Kane sette inn 1-1.
Det venta Tottenham-køyret uteblei, og i staden var det Rodrigo som send gjestene i føringa med 2-1 like før pause.
Det gjekk berre seks minutt av andre omgang før det var balanse igjen. Ben Davies var mannen som fekk gleda av å trille inn 2-2.
Kvarteret før slutt tok Leeds leiinga for tredje gong, nok ein gong ved Rodrigo.
Men så sette heimelaget inn spurten. Først 3-3 via ein motspelar, så rulla han inn sigersmålet like etter.
Fleire mål blei det ikkje, men dramaet var likevel ikkje over.Leeds’ Tyler Adams reiv ned ein motspelar og fekk sitt andre gule kort, og dermed tidleg dusj.
Tottenham kliv dermed opp til tredjeplass på tabellen inntil vidare