La Liga fordømmer rasistiske tilrop

Les hele artikkelen

La Liga har fordømt dei rasistiske tilropa frå Atletico Madrid-fansen mot Real Madrids Vinicius junior under byderbyet søndag.
Videoopptak viser hundrevis av Atletico-supporterar som syng songar med rasistisk innhald, og kallar den farga Real-spelaren ape.
– Vi fordømmer alle slike hendingar både innanfor og utanfor arenaen, seier ein talsperson for La Liga, ifølgje BBC.
– Hatefulle ytringar har ingen plass i La Liga. Vi samarbeider alltid med klubbane og styresmaktene for å identifisere og vere rettferdige i slike saker, seier talspersonen.
Vinicius’ dans etter scoringar har fått mykjke merksemd, og også kritikk. Brasilianaren har scora fem mål på åtte kampar for Real denne sesongen.
Han scora ikkje i derbyet søndag kveld, men Real vann likevel 2-1.