Tennisstjerna Nick Kyrgios er sikta for å mishandla ein tidlegare kjærast. Domstolen har no utsett avhøyret til 23. august.
Det skriv engelske Daily Mail.
Kyrgios skal ha overfalle sin tidlegare kjærast i fjor.
Det var venta at han skulle møte i retten i Australia 2. august, men fredag opplyste domstolen at avhøyret er utsett tre veker.
Kyrgios er ikkje pålagt å delta i rettsmøtet, dersom han er juridisk representert. Dermed vil han truleg kunne delta under US Open som startar 29. august.
Australiaren tok seg til Wimbledon-finalen, der han tapte mot Novak Djokovic.