Kvinner krev Iran kasta ut av VM

Les hele artikkelen

Den iranske kvinnegruppa Open Stadiums krev at FIFA kastar Iran ut av fotball-VM i Qatar på grunn av regimet si behandling av kvinner i heimlandet.
Gruppa har i ti år kjempa for at kvinner skal få gå på fotballkampar. Det er eit krav FIFA har støtta, men med nokså liten effekt. Berre små grupper av kvinner får lov å kome inn på tribunene.
– Fordi vi er irnaks fotballfans, er det med tungt hjarte vi ser med uro på at Iran skal få delta i VM. Vi viser til artikkel 3 og 4 i FIFA-regelverket når vi ber om at Iran ikkje skal få delta, skriv gruppa.
Dei to artiklane nektar diskriminering på grunn av kjønn, rase og religion innan fotballen.
Ingen i FIFA har kommentert utspelet overfor nyheitsbyrået Reuters.
«That is why, as Iranian football fans, it is with an extremely heavy heart that we have to raise our deepest concern about Iran’s participation in the upcoming FIFA World Cup.