Norge fekk låne tabelltoppen i berre tre og ein halv time i EM-kvalifiseringa for U21-lag. Då hadde Kroatia vunne 3-1 på Keine Sorgen Arena i Austerrike.
Kroatia leia 2-0 ved pause, og 3-0 før heimelaget reduserte.
For Kroatia var det sjette sigeren av seks mogelege. Norge er tre poeng bak, med fem av seks mogeleg sigrar. Berre bortekampen mot Kroatia (3-2) har gitt tap, og laga møtest igjen i Norge i juni.