Kristoff på tredje i Portugal

Alexander Kristoff trakka inn til tredjeplass på den første etappen av etapperittet i Algarve onsdag. Nederlendaren Fabio Jakobsen var raskast i spurten.
Kristoff kom inn som nummer fire, men blei hindra i spurten av belgiaren Jordi Meeus i kampen om andreplassen. Meeus blei etterpå deplassert, og Kristoff rykka opp til tredjeplass.
Belgiaren Remco Evenepoel sette fart på pedalane og leidde lagkameraten i Quick-Step-laget i perfekt posisjon. Jakbosen fekk eit perfekt opptrekk og vann klart.
Tobias Foss køyrde sitt første ritt for sesongen for Jumbo Visma-laget, men heldt ikkje helt inn og blei nummer 11. Sven Erik Bystrøm (UAE) la seg inn på 15-plass.
Etappen var på 199,1 kilometer og gjekk frå Portimão til Lagos.