Det er Alexander Kristoff ein satsar på til fellesstarten i EM i sykling i München i midten av august. Han skal bakkast opp av fleire Uno-X-ryttarar.
– Vi byggjer laget rundt Alexander som får full oppbakking til ein spurt. Alexander har som mål å få ikle seg europameistertrøya, som han også klarte i 2017, seier sportssjef Hans Falk i Norges Cykleforbund i ei pressemelding.
Denne veka vart det klart at Kristoff skal sykle for Uno-X neste sesong. No blir EM ein forsmak på eit framtidig samarbeid.
I kvinneklassen er det Susanne Andersen som blir Noregs sterkaste kort i fellesstarten. Ingen norske ryttarar skal køyre tempo under EM.
Menn:
Alexander Kristoff (Intermarché-Wanty), Jonas Abrahamsen (Uno-X), Rasmus Fossum Tiller (Uno-X), Anders Skaarseth (Uno-X), Syver Wærstad (Uno-X).
Rittet for menn går 14. august.
Kvinner:
Susanne Andersen (Uno-X), Ingvild GÃ¥skjenn (Hitec Products), Stine Borgli (FDJ-Suez-Futuroscope), Malin Eriksen (Keukens Redant).
Rittet for kvinner går 21. august.
Terreng:
Ingrid Sofie Bøe Jacobsen (Halden), Emil Hasund Eid (Kloppa), Mats Tubaas Glende (Soon), Erik Hægstad (Lillehammer), Knut Røhme (Romeriksåsen).
Rittet for menn går 19. august, medan rittet for kvinner går 20. august.