Tre spanske klubber krev unnskyldning etter at fleire WhatsApp-meldingar frå den spanske fotballpresidenten Luis Rubiales har leke ut.
«Dei laga eg liker dårlegast, er i denne rekkefølgja: Villarreal, Sevilla og Valencia», skal Rubiales ha skrive, ifølgje El Confidencial.
Det har fått de tre klubbene til å gå saman mot fotballpresidenten. I ei felles pressemelding ber dei han om ei unnskyldning.
«Meldingane, der han viser forakt, fiendskap og arroganse overfor dei tre klubbane, er uakseptable frå ein person i hans posisjon. Han må vareta interessene til alle klubbane i spansk fotball likt», står det i fråsegna frå Villarreal, Sevilla og Valencia.
Meldingane til Rubiales skal ha vore sende til hans far i samanheng med ein kamp mellom Sevilla og Real Madrid i 2020. I meldingane beskriv han også Sevilla-president José Castro som «ei komplett dritsekk».