Krev LGBT-rettar ved framtidige meisterskap

Les hele artikkelen

Josh Cavallo, som i fjor blei den første aktive toppspelaren i fotball som stod fram som homofil, krev at dei internasjonale idrettsorganisasjonane må ta omsyn til søkjarlanda si haldning til LBGT-personar når store meisterskap skal arrangerast.
Cavallo (22) er frå Australia, spelar for Adelaide, og er aktuell for landslaget til VM seinare i haust.
– Eg ber sterkt idrettsleiarar om å vurdere våre rettar og vår tryggleik når dei vel arrangørland, seier han til Reuters.
Det blir stilt spørsmål om tryggleik for homofile fotballfans ved VM i Qatar, der homofili er forbode. I 2018 gjekk VM i Russland, som fem år tidlegare vedtok ei lov mot «homo-propaganda».
Trass i at FIFA og Qatar seier at homofile skal vere trygge under VM, tvilar Cavallo.
– Eg ville i alle fall vore redd for å spele der, seier australiaren.
Det tilbakeviser Qatar.
– Ingen LGBT-fotballfans som kjem inn i landet skal frykte forfølging av noko slag, seier VM-sjef Nasser Al-Khater.
– Qatar og FIFA, verda følgjer med, kontrar Cavallo.