Juniorlandslagstrenar Monika Kørra (32) frå Løten tek steget opp og blir ny landslagstrenar for rekruttløparane.
– Det er utruleg spennande å få denne moglegheita, seier Kørra i pressemeldinga.
Ho går dermed inn i teamet med Jacob Walther, som er der frå før.
– Eg var med heilt inn i finaleheatet for rekruttering av ny trenar på elitelandslaget, men nådde diverre ikkje heilt opp. No ynskjer eg dei to flotte og dyktige gutane Sjur Ole og Stig Rune lykke til med nye trenarjobbar, og ser fram til å samarbeide med dei, seier ho vidare.
NRKs ekspert Torgeir Bjørn meiner at rekruttløparane har fått på plass ein suksessfull og merittert trenar.
– Det er eit godt val. Vi har etterlyst ei kvinne i trenarteamet til langrennslandslaga, og no får vi det gjennom Kørra. Det var nødvendig å få inn, seier Bjørn til NRK.
Kørra tek dermed over for Torstein Drivenes, som 1. juni gav beskjeden om at han var ferdig i jobben, etter tre år.