Koronatrøbbel for Austerrike

Les hele artikkelen

Austerrikes VM-lag i handball måtte la landslagssjef Herbert Müller vere igjen heime då dei reiste til Spania. Han har testa positivt for koronaviruset.
Det melder ORF, som opplyser at Müllers assistent Erwin Gierlinger og spelaren Katarina Pandza er identifiserte som nærkontaktar og er isolert.
Austerrike skal spele dei innleiande kampane sine i Torrevieja.
Heile delegasjonen bortsett frå dei isolerte testa negativt både før avreise og etter at dei kom fram til Spania.