Kontroversar rundt utlikning i Bergen

Les hele artikkelen

Stabæk såg lenge ut til å bli det første laget som skulle slå Brann i Bergen i Toppserien denne sesongen, men Brann greidde å utlikne til 1-1 på ei kontroversiell scoring fire minutt på overtid.
Iris Omarsdottir scora etter ein halv time i første omgang. Branns overtids-utlikning kom ved Maria Brochmann, som var sist på ballen i ei mølje etter corner.
– Den scoringa burde ikkje blitt godkjend, sa Stabæks keeper Sunniva Skoglund til NRK.
– I gode ni av ti tilfelle fÃ¥r keeper medhald i slike situasjonar, sa NRKs Carl Erik Torp.
Brann kunne sikra seg sigeren i grunnserien og 6 poeng i sluttspelet med siger. Trass poengtapet er det likevel så godt som sikkert at Brann vinn grunnserien.
Også Rosenborg og Vålerenga er sluttspelklare. Fire lag kjempar om den fjerde og siste sluttspelplassen, inkludert Stabæk.
I det kontroversielle sluttspelet får dei fire laga med seg 6, 4, 2 og 0 poeng.
Tidlegare denne veka varsla supporterklubbane i dei største Toppserie-klubbane at dei ikkje vil stille opp med organiserte aktivitetar på kampen i sluttspelet, i protest.
– Lytt til supportarane, vi er ein ekstremt viktig del av fotballen, og vi vil ikkje ha det. Det er mange andre som ikkje vil ha det heller, ingen vil ha det, sa Gjert Moldestad frå Bataljonen då sluttspelet blei diskutert på NRK i pausen.