Onsdag blei det klart at begge dei to norske leiarane, som avgav positiv koronatest på flyplassen, testa negativt på kontrollprøva, og er ute av isolasjon, melder Olympiatoppen i ei pressemelding.
Dermed er det heller ingen leiarar, som sat i same området på flyet, som er definert som nærkontakt.
Olympiatoppen manglar framleis nødvendig informasjon om kontrolltestar av andre positive testar på flyet.