Peder Kongshaug (biletet) og Sander Eitrem gjekk ut i siste par på 1500-meteren i allround-EM på skøyter.
Kongshaug vann både denne duellen og heile løpet på tida 1.44.01, medan Eitrem også fekk ein dobbel med tida 1.44,27.
Før den avgjerande 10.000-meteren ligg også Kongshaug og Eitrem best an. Kongshaug ligg 5,02 sekund framfor Eitrem.
– Blir det ikkje gull forstår eg ingenting, seier Viaplay-ekspert Ida Njåtun.
10.000 meteren startar klokka 16.23.