Liverpool hadde ingen vanskar med å slå Southampton 3-1 heime på Anfield laurdag. Alle måla kom før pause.
Roberto Firminio sende Liverpool i front etter seks minutt, men tre minutt seinare var dei like langt etter Che Adams’ utlikning.
Liverpool dominerte kampen, og Darwin Nunez scora etter 21 og 42 minutt.
Andre omgang gav fleire store sjansar, men ingen fleire mål.
Sigeren sende Liverpool tre plassar opp, til sjetteplass. Southamptpon er framleis nest sist.