Kombinertlandslagets trenar Thomas Kjelbotn er sett ut av spel med koronasmitte.
Kjelbotn seier i ein video at han ikkje kjende på nokon symptom på tidspunktet då han vart smitta og testa positivt sist torsdag.
– Vi trur smitten kjem utanfrå i og med det store smittetrykket på skulane i Trondheim, og eg har barn i skulealder. Vi trur at vi har fanga opp smitten tidleg, seier Kjelbotn.
– Smitteveg er førebels ukjend, og Thomas testa seg utanfor ei samling, opplyser medisinsk ansvarleg lege for kombinert i Skiforbundet, Anders Storhaug Heen i ei pressemelding.
Kjelbotn har lette forkjølingssymptom og held seg utanfor laget til han blir klarert til å delta av lege. Det tek normalt ti dagar og er strengare enn tilrådinga til styresmaktene.
Kombinertløparane sesongopnar med NM til helga. Onsdag blir det hopprenn i Midtstubakken, og deretter blir det langrenn på Beitostølen laurdag.
Kjelbotn skal ikkje vere med i Midtstubakken og Beitostølen.