Ronald Koeman (59) kjem til å ta over som nederlandsk landslagssjef i fotball etter VM i Qatar i haust, melder Nederlands fotballforbund.
Han skal overta etter Louis van Gaal, som i helga sa at han har fått prostatakreft.
Koeman var sist trenar for Barcelona, men fekk sparken i oktober i fjor etter Barcelonas svake sesongopning. Han var også landslagstrenar for Nederland frå 2018 til 2020.
I sine aktive dagar spela han 78 landskampar mellom 1983 og 1994, og scora 14 mål. Han var på laget som vann EM i 1988, og var kaptein under VM i 1994.