Knuste Zambia i sjakk-OL

Les hele artikkelen

Dei norske sjakkgutane leika seg til siger mot Zambia under sjakkolympiaden tysdag. Noreg vann overlegent 3,5-0,5. Kvinnene spelte uavgjort mot Slovenia.
Magnus Carlsen gjorde rask prosess med zambiske Gillan Bwalya då han sikra sjakk matt på berre 26 trekk. Aryan Tari og Johan Sebastian Christensen brukte litt lengre tid på å slå konkurrentane sine Richmond Phiri og Timothy Kabwe, men sikra til slutt siger begge to.
Jon Ludvig Hammer fekk det tyngre enn lagkameratane sine då han møtte Nase Lungu, og han måtte til slutt ta til takke med remis.
Dermed sikra det norske laget sin tredje siger. Tidlegare i turneringa har Noreg slått Libanon og Uruguay, spelt uavgjort mot Mongolia og tapt for Italia. Med sju poeng er Noreg på 32.-plass blant dei 188 laga. Det indiske 2.-laget og Armenia er åleine om å ha full pott med ti poeng.