Uros Ponikvar frå Slovenia tek over etter Vegard Ulvang som leiar av langrennskomiteen i FIS. Noreg fekk ikkje gjennom forslaget sitt til arvtakar.
Det melder nettstaden langrenn.com. Ulvang gav seg i mai som komitéleiar etter 16 år.
Skiforbundet ville ha Guri Knotten som erstattar, men FIS-styret enda opp med å velje Ponikvar. Knotten blir likevel ein av to norske medlemmer i langrennskomiteen som representant for Sveits, medan Espen Bjervig stiller for Noreg.
Ponikvar har vore knytt til FIS-systemet i ei årrekkje, og var motkandidat til Ulvang i 2011.