Knappe 2800 på Landsskyttarstemnet

Les hele artikkelen

2766 skyttarar er påmelde til Landsskyttarstemnet i Bodø, som startar laurdag. Det får NRK opplyst av kommunikasjonssjef Terje Westvik i Det Frivillige Skyttervesen. Påmeldingsfristen gjekk ut i går.
– I februar tippa eg 2800, så det var ikkje så veldig langt unna, seier Westvik. Sist stemnet var i Bodø, i 2011, var det 3700 skyttarar.
Årets stemne er det første sidan 2019, og grunnen til nedgangen er sjølvsagt pandemien. I tillegg har prisen på både diesel og ammunisjon gått sterkt opp.
Det er i rekrutteringsklassene nedgangen er størst, men ikkje så stor som Westvik frykta.
– Derimot er nedgangen av påmelde i veteranklassene større enn eg hadde trudd, seier han.
Også talet på lag er mindre enn før. Mange må lag som vanlegvis sender berre 3-4-5 skyttarar, er no heilt ute. Dessutan har store lag i byane langt færre enn vanleg.
– Berre laga i og rundt Oslo har 300 færre enn vanleg. Også i Bergen ser vi denne tendensen, seier han.
– Vi ser nedgangen også i andre stemne, så det er tydeleg at det tek tid å få i gang aktiviteten igjen. No er det viktig å få opp aktiviteten lokalt i laga igjen, det blir det arbeidet må konsentrerast om no, seier Westvik.
NRK sender ni og ein halv time direkte frå LS i neste veke.