Hans Niemann slo Samuel Sevian i 12. runde av USA-meisterskapet i sjakk i natt, men det var Semians knabbing av Niemanns konge som skapte drama.
Midt under partiet tok brått Sevian Niemanns konge og braut tilsynelatande toppen av brikka, viser opptaket frå partiet.
Niemann protesterte og kravde kongen sin tilbake. Etter litt fikling med toppen av brikka, sette Sevian kongen tilbake. Etter nokre sekund med tilsynelatande argumentasjon heldt spelet fram med topplaus konge, skriv The ndianaExpress.
Etter partiet uttrykte Niemann ei viss forståring.
– Det var ei misfortsåing mellom oss. Han såg at toppen på kongen var laus, og ville fikse den med lim. Men fordi det var medan mi klokke gjekk, blei eg litt irritert, sa Niemann i intervjuet etterpå.
Likevel vekte hendinga reaksjonar. Sjakkspelar Fabiano Caruana har tidlegare kalla turneringa «Respektlaus-meisterskapet 2022», og fekk vatn på mølla:
«Respektløysa toppa seg nettopp. Sam avkrona Hans’ konge», tvitra Caruana.
På grunn av skuldingane om juks, utløyst av Magnus Carlsen, er Niemanns parti følgde med argusauge i meisterskapet.
– Det er svært vanskeleg å spele under dette presset, sa Niemann.