Odense-keeper Viljar Myhra er framleis ute på ubestemt tid etter at han blei ramma av hjarterytmeforstyrringar i mars.
OB publiserte torsdag eit innlegg om situasjonen til Myhra på eigne nettsider. Der står det han enno ikkje er klar for å spele kampar att.
– I tillegg til Viljars hjarterytmeforstyrring lir han framleis av ein stressliknande tilstand. Vi tar oss av det på ein ansvarleg måte for han og for OB, skriv Odense.
Myhra er ute av kamptroppen på ubestemt tid, skriv OB.
Myhra har vore i både Odd og Strømsgodset. Han har også tidlegare vore med i den norske landslagstroppen.
(NTB)