Fotballpresident Lise Klaveness får tildelt prisen «Fritt Ords Honnør» for talen på kongressen til det internasjonale fotballforbundet Fifa i Qatar.
– Klaveness’ offentlege innsats under den internasjonale fotballkongressen, og spesielt hennar sterke og kraftfulle tale, er ein eksemplarisk og effektiv bruk av ytringsfridomen for å overvinne maktmisbruk, undertrykking og korrupsjon, seier Stiftelsen Fritt Ords styreleiar Grete Brochmann.
– Talen har allereie vist seg verknadsfull. Han har fått stort gjennomslag internasjonalt, men møter samtidig stor motstand og kritikk, ikkje minst i FIFA.
– Lise Klaveness sin tale i Qatar er dermed også ei tydeleg markering og eit engasjement frå den folkerørsla som norsk fotball representerer, seier Grete Brochmann.
Lise Klaveness takkar for prisen.
– Eg tek audmjukt imot prisen, og som ein motivasjon til å jobbe endå hardare for å verne fotballen og jobbe for nødvendig endring, seier ho.
Prisen er på 100.000 kroner. Utdelinga skjer etter påske.