Klare for Afrika-omspel

Les hele artikkelen

Tunisia, med 3-1 over Zambia, og Kamerun, med 1-0 over Elfenbeinskysten, tok dei to siste plassane i den avgjerande omspelsrunden i den afrikanske VM-kvalifiseringa.
Ti gruppevinnarar skal møtest i fem omspelkampar om Afrikas plassar i VM i Qatar. Fem av laga er seeda og skal møte fem useeda heime og borte i slutten av mars.
Seeda (ut frå gjeldande FIFA-ranking): Algerie, Tunisia, Nigeria, Senegal, Marokko. Useeda: Kamerun, Mali, Egypt, Ghana, Kongo-Kinshasa.
Sør-Afrika har levert protest på dommaren og krev omkamp etter den avgjerande kampen mot Ghana, der dei tapte 1-0 på straffespark. FIFA har enno ikkje behandla protesten.