Den kjente journalisten Fabrizio Romano skriv at den italienske Juventus-legenda Giorgio Chiellini er få steg unna ein overgang til Los Angeles FC. Avtalen skal signerast denne veka.
37-Ã¥ringen meldte i midten av mai at han ville forlate Juventus etter sesongslutt.
– Vi har hatt ti fantastiske år, no er det opp til dei unge å ta ting vidare. Eg har gjort alt eg kan, og eg håpar eg har gitt noko tilbake, sa Chiellini den gang.
I løpet av dei åra har han vunne ni ligatitlar og blitt italiensk cupmeister fem gonger.
Chiellini skal også spele sin siste kamp i den italienske landslagstrøya. Det skjer på onsdag mot Argentina på Wembley, og er ein kamp der regjerande verdsmeister møter vinnaren av Copa America.