Kinesisk hockey – betre enn sitt rykte?

Les hele artikkelen

Før OL blei det sagt at Kinas ishockeylag var så dårleg at det ikkje hadde noko i OL å gjere. Laurdag måtte OL-sølvvinnar Tyskland slite for å vinne 3–2.
Før jul gjekk det rykte om at IIHF ville nekte Kina deltaking i mennenes OL-turnering, og Noreg augna eit lite håp om å få OL-billett trass kvalifiseringsforliset i fjor. Men Kina fekk ha plassen, og var nær å ta poeng frå Tyskland.
Som i ein del andre idrettar har Kina gitt statsborgarskap til utlendingar med eller utan kinesiske aner. I OL-troppen i ishockey er det 16 nordamerikanarar.
Tyskland gjekk oppskriftsmessig opp i 3-0-ledelse laurdag, men Fu Shuai (som eigentleg heiter Parker Foo) scora Kinas historiske første OL-mål. Då Wang Taile (Tyler Wong) reduserte til 2-3, meldte nervane seg hos tyskarane.
Mot slutten tok Kina ut keeper Jieruimi Shimisi (Jeremy Smith) og jaga utlikning med seks utespelarar, men til ingen nytte.
I sin opningskamp tapte Kina 0–8 for USA, etter å ha lege under berre 0–1 etter første periode. I siste gruppekamp ventar ny skarp motstand i form av Canada.