Kina til USA: – Slutt med OL-innblanding

Les hele artikkelen

Den kinesiske utanriksministeren meiner USA bruker vinter-OL til politiske formål på grunn av den diplomatiske boikotten av leikane.
– Høgaste prioritet no er at USA må slutte å blande seg inn i vinter-OL i Beijing, sa utanriksminister Wang Yi i ein samtale med den amerikanske kollegaen sin Antony Blinken torsdag.
Fråsegna kjem etter at USA og ei rekkje andre større land bestemde ikkje å sende offisielle representantar til vinterleikane, som opnar neste fredag.
Noreg har derimot bestemt seg for å vere representert på regjeringsnivå under OL i Kina.