Kina har ikkje berre OL å tenke på for tida. Tysdag forsvann siste sjanse til å kvalifiser seg for forball-VM i Qatar, og millionvis av kinesarar rasar på sosiale media.
– La oss melde oss ut av FIFA for å sleppe å skjemme oss ut, er ei av meldingane på den Twitter-liknande plattforma Weibo.
Hundrevis av millionar har vore innom emneknaggane «Kvifor held landslaget vårt fram med å tape?» og «Landslaget, gi oss litt tilbake», melder nyheitsbyåret AFP.
Kina tapte 3-1 for Vietnam, eit land som ikkje hadde teke eit einaste poeng tidlegare i kvalifiseringsgruppa. Dermed er Kina nest sist, og har ikkje eingong teoretiske sjansar til ein plass blant dei tre beste.
Kinas president Xi Jinping har uttrykt ønskje om at Kina ikkje berre skal arrangere VM ein gong, men også vinne det.
Landet har nådd VM-sluttspelet berre ein gong. Det var i 2002, men då måtte dei reise heim utan både mål og poeng.