Kevin De Bruyne klar for Serie A-mester Napoli

Les hele artikkelen

Den belgiske fotballstjerna Kevin De Bruyne (33) fortsett karrieren i Napoli etter exiten i Manchester City.
Det opplyser den ferske Serie A-vinnaren på X.
De Bruyne har spilt for City i ti år etter overgangen frå Wolfsburg i 2015, men han fekk ikkje forlenga kontrakta med dei lyseblå frå Manchester.
Belgiaren vann det meste som er å vinne saman med City. Det blei seks ligatitlar, èin meisterligatittel, èin tittel i klubb-VM og ei rekke cuptriumfar.
Gamleklubben ynskjer De Bruyne lykke til vidare i ny klubb og takkar han på sine eigne nettsider. (©NTB/NRK)