Karlsson og Dahlqvist slår tilbake: – Bullshit

Les hele artikkelen

Det har blitt spekulert i om det var ein økonomisk motivasjon til at Frida Karlsson og Maja Dahlqvist hoppa av landslaget i mai. No svarer svenskane.
– Det er bullshit. Dette har ikkje gjort nokon forskjell for meg økonomisk, seier Frida Karlsson til Expressen.
Det kjem som følge av at Erik Valnes og Pål Golberg sa til Nettavisen i juni at de trur det er ein økonomisk gevinst for svenskane som hoppet av landslaget.
– Det handlar ikkje om pengar i det hele tatt, sa Karlsson då det blei offentleg at dei gjekk ut av landslaget.
Karlsson får støtte av Dahlqvist i si grunngiving.
– At det skulle handle om pengar er heilt feil, det var tungt at folk trudde det, då kjenner ein seg nesten som ein «bitch», fortset lagvenninna.