Skistjernene Frida Karlsson og Maja Dahlqvist vel å ikkje vere ein del av Sveriges landslag i langrenn føre VM-sesongen i Planica.
Det kjem fram i ei pressemelding frå Det svenske skiforbundet måndag.
Beskjeden kjem berre kort tid etter at også ein annan stor svensk profil, Linn Svahn, melde at heller ikkje ho vil vere del av landslaget den kommande sesongen.
Svahn, Karlsson og Dahlqvist satsar dermed privat inn mot Planica-VM.
– Eg synest det er trist at Frida og Maja ikkje ønskjer å vere med på landslaget, seier langrennssjef Lars Öberg i pressemeldinga.
– Sjølv om bodskapen er trist, vil det gi oss mogelegheit til å gi andre sjansen til å ta neste steg i deira utvikling. Vi har mange talent som er klare for å utfordre, og får dei sjansen til å konkurrere med dei beste og den riktige støtta, er eg overtydd om at det vil gjere oss enda sterkare i dei kommande sesongane, legg han til.
Karlsson er ein av få som har slått Therese Johaug siste åra og står med tre verdscupsigrar. Dahlqvist tok tre gull under OL i Beijing i vinter.