Kan ferdigspelast i landslagspausen

Les hele artikkelen

Konkurransedirektør Nils Fisketjønn i NFF seier til NTB at den avbrotne kampen mellom Sogndal og Stjørdals-Blink kan spelast ferdig i landslagspausen.
– Kampen må spelast ferdig før dei to siste serierundane, seier Fisketjønn.
Kampen skal startast der han blei stansa, på stillingen 1-0 til Sogndal i det 13. speleminutt, då Sogndals Emil Pálsson fall saman med hjartestans.
Spelarane som var på bana då kampen blei stansa, skal også vere på bana når kampen blir starta. Spelarane som eventuelt ikkje kan spele, må det truleg brukast eit byte for å erstatte.
Landslagspausen er dagane rundt helga 14. og 15. november. Dei to siste serierundane går 20. og 27. november, med avspark på same tid for alle kampane.