Kan bli skiflyging i kombinert

Les hele artikkelen

Skiflyging i verdscupen i kombinert kan bli ein realitet allereie neste sesong, ifølgje renndirektør Lasse Ottesen i Det internasjonale Skiforbundet (FIS):
Då forslaget til verdscupkalender nyleg blei publisert, var det ikkje opplyst om bakkestorleik i to renn. Årsaka er at det for første gang i historia kan bli skiflygingsrenn for kombinertløparane, stadfestar Ottesen overfor Nettavisen.
Avgjerda fell 13. mai. DÃ¥ skal kalenderen for neste sesong spikrast av kombinertkomiteen i FIS. Det er planlagt at dei to aktuelle renna skal finne stad i Oberstdorf i Tyskland i februar.
Eit sett med skiflygingsreglar for kombinert er sendt til de nasjonale skiforbunda, og FIS forventar tilbakemeldingar.
Sportssjef Ivan Stuan på Noregs kombinertlandslag er positiv til skiflyging for kombinertløparane, men understrekar at det er viktig at eit rettferdig og fornuftig regelverk kjem på plass.