Kalvenes ny Sogndal-trenar

Les hele artikkelen

Morten Kalvenes skal trene 1. divisjonsklubben Sogndal Fotball ut sesongen. Det melder klubben på sine nettsider.
Bergensaren tek over etter Tore André Flo som fekk sparken måndag.
– Då det vart klart at Flo ikkje ville forlenge avtalen, så sonderte vi marknaden. Kalvenes var soleklare førsteval, seier dagleg leiar Gisle Olsen til NRK.
Arbeidet med å tilsetje Kalvenes intensiverte då tapsrekka heldt fram. Sogndal står med sju kampar på utan siger, og nærmar seg nedrykk frå 1. divisjon.
Kalvenes har tidlegare trena Arna-Bjørnar sitt kvinnelag, samt vore assistenttrenar under Kjetil Knutsen i både Åsane og Bodø/Glimt. Han var også assistenttrenar under Per-Mathias Høgmo i japanske Urawa Red Diamonds.
Kalvenes leiar si første Sogndal-trening onsdag. Om han trenar klubben også neste sesong, avheng i stor grad av korleis årets sesong utviklar seg.